28 gjennomførte gratiskurs for kreative

I forbindelse med Covid-19 lyste Møre og Romsdal fylkeskommune før sommaren ut finansiering av nettbaserte kurs for kompetanseheving.

I forbindelse med Covid-19 lyste Møre og Romsdal fylkeskommune før sommaren ut finansiering av nettbaserte kurs for kompetanseheving. Vi spurte aktørane i dei kreative kulturnæringane i Møre og Romsdal om kva kurs dei hadde behov for, og basert på dei innmeldte behova har vi gjennomført 28 gratiskurs sidan oppstarten i juni. På grunn av regelverket for slike (BIO-2) kurs, var dei opne kun for frilanserar og permitterte i bedrifter innanfor dei kreative kulturnæringane. Kurshaldarane var alle frå Møre og Romsdal, og sjølve profesjonelle brukarar av programvaren det vart holdt kurs i:
– Industrielt salgsarbeid, korleis få store kundar
– Tenestedesign som metode i digital samskaping
– Avansert arbeidsflyt i Adobe Lightroom
– Avansert bruk av Adobe Photoshop
– Avansert bruk av Adobe Premiere/DaVinci Resolve
– Egenprofilering i SoMe
- Avansert bruk av Adobe Illustrator

Tilbakemeldingane frå kursdeltakarane har vore svært positive, og vi ser moglegheiter for å gjennomføre fleire kurs på den nyutvikla kursplatformen skoleflix.no som vart brukt. På skoleflix.no vil også opptaka av kvart  enkelt kurs ligge tilgjengelig for dei som deltok på kurset. På vegner av dei kreative kulturnæringsaktørane i Møre og Romsdal vil vi takke fylkeskommunen for finansieringa av kursa!

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene rett i innboksen din
Tusen takk! Din beskjed har blitt sendt.
Hoppsann! Her skjedde det en feil.